Panel 1

Om oss

Fjellbryggeriet er eit lite handverksbryggeri lokalisert i Tuddal på solsida av Telemarks stolthet; Gaustatoppen. Bryggeriet held til i Gildehallen, rett ved sida av Tuddal Høifjeldshotel, Noregs eldste høgfjellshotell etablert i 1895.

Fjellbryggeriet vart starta av Margit og Aasmund Rinde i 2013 i Åmotsdal, og etablerte seg raskt som ein god leverandør av gode håndverksøl. Hausten 2015 tok dei beslutningen om å leggja inn meskeårane. Einar på Tuddal Höifjeldshotel sette då igang ein prosess med å få flytta bryggeriet til Tuddal og halda på det i Øvre Telemark. Som sagt så gjort, så er no bryggeriutstyret flytta til i kjellaren på Gildehallen, liggjande 828 moh. Bryggarutstyret er gunstigast for produksjon av overgjæra øl, og vi bryggar difor primært ales i ulike variantar. I tillegg til produksjon kan vi tilby ølsmakingar og omvising i bryggeriet, og i samarbeid med hotellet kan dei og tilby kulinariske opplevingar i kombinasjon med øl.

 

Bryggaren vår

I september 2018 kom Carl Koch frå Tyskland til Fjellbryggeriet i Tuddal. Han var nygift, og han og kona hadde med seg to hestar til tunet her på Tuddal høyfjellshotell.

Om seg sjølv seier Carl at han er ein entusiastisk seglar, og han er glad i naturen.

Interessa for brygging utvikla Carl gjennom fleire års arbeid hos Rickling, som er eit familieeigd bryggeri og ein restaurant i Schleswig-Holstein i Tyskland. I 2017 jobba han som assisterande bryggar og mellombels tilsett hovudbryggar. Seinare har han utdanna seg til meister i brygging ved Doemens Academy i Bayern, München.

Det Carl likar aller best med å vere ein ølbryggar, er etter ein lang og krevjande dag, å sjå det han har skapt med eigne hender. Han likar også å sjå reaksjonane hos dei som nyt det han har skapt. Det er ikkje noko betre enn eit glas kaldt og forfriskande øl på slutten av ein lang dag.

 

Panel 2

Produkter

Trykk på bildene for mer informasjon.

BRON
BRON
GAUSTATOPPEN
GAUSTATOPPEN
TYST
TYST
VEHUS
VEHUS
NARA
NARA
LUN
LUN
KORP
KORP
BARLEY WINE
BARLEY WINE

 

 

Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her.

Panel 3

Kontakt oss

Fjellbryggeriet

Telefon: 940 59 936

Salg

Rune Gurholt Pedersen
Telefon: 971 58 862

Kjell Øivind Evensen
Telefon: 917 20 130

Fakturering og regnskap

Arken Økonomitjenester AS
sharman@arken.no

Faktura sendes via EHF, Org nr 916476450 eller fakturaadresse: fjellbryggerietas@ebilag.com

Tuddal Høyfjellshotell

Fjellbryggeriet er tilknyttet Tuddal Høyfjellshotell, så ved behov kan du også ringe hit.

Telefon: 35 02 88 88

Finn oss

Selve bryggeriet finner du i:
Hotellvegen 100
3697 Tuddal

 

 

De nyeste oppdateringene finner du på:

Facebook
Facebook
Instagram

 

Panel 4 Placeholder